Temagusteneste «Mennesket er ikkje til sals»

Longva bedehus
Søndag 18. november kl. 18.00 – 21.00

Som lokal kyrkjelyd ønskjer vi å delta i kampen mot global urettferd og bidra til at menneske kan reise seg frå uverdige forhold. På menneskerettssøndagen vil vi belyse temaet urettferd og moderne slaveri ved å hente inspirasjon frå Bibelen, slik kampen mot slavehandel og for auka Bibelbruk var to sider av same sak for William Wilberforce på 17-1800 talet.

Arrangementet er del av den felleskyrkjelege «Global uke».

Generalsekretær i Norges Kristne Råd, Erhard Hermansen, vil preike og informere om moderne slaveri. Vi vil også vise samanheng til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt: sosial innsats på Madagaskar.

Arild Gustavsen er med på trombone.

Det er kyrkjekaffi etter gudstenesta.

%d bloggere like this: