Slavar for oss

av Per N. Bondevik, daglig leder i IEH – Initiativ for etisk andel

Mot slutten av forteljinga om Josef i 1. Mosebok møter me eit desperat folk i Egypt: Kjøp oss og jorda vår i byte for mat, so skal me med jorda vår vera slavar for farao!

Farao sit til slutt att med alt; fe, jord og folk – som den store jord- og slaveeigaren.

I dag er slaveriet so godt som avskaffa som akseptert og lovleg institusjon. Men fenomenet lever vidare, langt nærare oss enn me likar å tru. Det er høg risiko for moderne slaveri i 60% av alle land. Over 21 millionar born, kvinner og menn lever i dag i moderne slaveri. 14 millionar av desse i tvangsarbeid. Som framandarbeidarar som byggjer fotball-stadion i Qatar, migrantar i tomatplukkinga i Sør-Italia. Eller baltiske bygnings-arbeidarar som brukar store delar av løna dei får utbetalt her til å dekka rekrutteringsgjelda til
bakmenn heime.

Josef delte ut såkorn til slavane og sørga for at dei hadde noko å leva av: – De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til såkorn og mat for huslydane dykkar.

Mange som sit fast i moderne slaveri er migrantarbeidarar med gjeld til rekrutteringsagenten som skaffa dei jobben. Men noko kan gjerast. FN, gjennom ILO, og Storbritannia tok gode grep i 2015. Vårt eige Helse Sør- Øst viste vegen i 2013. Dei stilte etiske krav ved innkjøp av kirurgiske instrument og følgde det opp nedover i leverandørkjeda. Til slutt fekk dei vietnamesiske migrant-arbeidarane i Malaysia attende sine innelåste pass og arbeidsgjevaren betalte gjelda (ei halv årsløn) dei hadde til jobbagenten i Vietnam.

Moderne slaveri kan bekjempast, med vilje, kunnskap og samarbeid. Arbeidet vårt i Initiativ for etisk handel handlar om nettopp dette; å bistå bedriftene til å sikra
anstendige forhold for arbeidarane som lagar produkta våre.

%d bloggere like this: