Ein bror for vår tid

av pater Haavar Simon Nilsen OP., Sankt Dominikus kloster
www.klostervenner.no

Å Josef, Josef, bror min, vis oss vegen til rettferd, medkjensle og sanning.

Du hadde ein skinande draum. For brørne dine var det som eit mørkt mareritt.
Du tala ope i einfald og med reint hjarta. Dine næraste lot seg fylle av hat og misunning.
Du vart kasta i ein tom brønn. Brørne dine kasta botnlaus skuld over seg sjølv.
Du vart utsett for vald. Dei gjorde vald på seg sjølv då dei krenkte deg.
Du vart seld som slave til Egypt. Dei vart slavar av sitt evig dårlege samvit.
Du var fylt av Guds visdom som gav forråd og velstand. Brørne dine famla i blinde og kom hungrande til deg.
Dei visste ikkje kven du var, men du gret av kjærleik til dei alle.
I oppgjerets time vart dei redde, men du trøysta dei og tala til deira hjarta.

Josef, bror min. Ser me deg i dag? Kjenner me deg att? Ser me deg som ein av våre brør og systrer frå vår felles heim her på jorda? Bryr me oss? Tek me ansvar? Eller held me fram med krenkingane? Vender me blikket vekk, aksepterer me stilleteiande uretten mot deg, Josef?

Du er endå her. Papirlaus, ein framand, ein utstøtt midt i blant oss. Du lyser som eit Kristus-teikn i vår tid, ein uskyldig, usynleg, som vert ofra på kynismens altar.

Kvifor er me så likesæle med lidinga di, Josef? Har me gått tom for det eine nødvendige me verkeleg treng? Har me vorte til eit samfunn som ikkje vil gje varme, omsorg og kjærleik fordi me inst inne skrik etter alt dette sjølv?

Josef, Josef. Fri oss ut av vårt sjølvvalde slaveri. Fri oss frå valden mot oss sjølv. Fri oss frå frykta og gjev oss mot til å vise omsorg. Fri oss frå skulda før det er for seint. Tal til våre hjarte, Josef.

 

 

%d bloggers like this: